Random Flickr

Den gamle

Posted: august 6th, 2015 | Author: | Filed under: Uncategorized | No Comments »

Gjest: Men du har jo det viktigaste bak deg, eit liv fylt med arbeid. Den gamle: Berre arbeid. Gjest: Du skal ta det med ro no. Den gamle: Ein burde eigentleg ikkje leva lenger. Gjest: Det må ikkje familien din få høyre. Den gamle: Dei lever alle utan meg. Den gamle: Ingen spør meg. Ingen pratar… kva gjer me i morgon, kva skjer der ute. Dei går ut… og inn. Fer bort. Eg veit ikkje kvar. Eg veit aldri, kva dei gjer, kva som skjer. Gjest: Naturlegvis. Du sit alltid berre der og ser ikkje heilt, kva som hender rundt deg. Den gamle: Eg ser ingenting. Gjest: Då får du den kjensla, at livet går forbi deg… ute på gata. Den gamle: Også her… også her inne. Den gamle: Alle kjem og gjeng. Ingen seier kvar frå, kvar til. Den gamle: Ingen spør dei gamle. Det er eit unyttig liv… skjønar du? Den unge bonden treng meg ikkje lenger. Ingen her treng meg lenger. Gjest: Men barna kjem jo ofte til deg, vil ditt og datt. Titt og ofte reparerar du ei øydelagt leike for dei. Det har eg sjølv sett. Den gamle: Jah. Barna… Gjest: Det er svært mykje. Kva trur du, kor mykje barna ville sakne deg, når du ein dag ikkje var der lenger. Og så – ha – så… alle dei andre. Dei er jo naturlegvis vande med at du er der. Men saknet kjenner ein jo først, når noko ikkje lenger er der. Den gamle: Det var gode ord. Det er hardt å bli gamal. Eg takkar deg. Kom attende… når jobben tillet, litt prat. Og dersom du ikkje tykkjer det er for keisamt med dei gamle. Omsett frå «Der Alte» av Martin Horntveth.


(English) Installing Ubuntu 12.10 on a Macbook Air

Posted: oktober 30th, 2012 | Author: | Filed under: Uncategorized | No Comments »

Beklagar, denne teksten er diverre berre tilgjengeleg på English.


(English) Logo for you sir! – First logo using 99designs.com

Posted: august 21st, 2011 | Author: | Filed under: Uncategorized | No Comments »


Korleis sidre eplene dine (på mitt vis)

Posted: oktober 23rd, 2010 | Author: | Filed under: Uncategorized | Tags: , , , | 2 Comments »

(Det finst ein metode som er enno enklare, men som eg kjem til seinare)

Du treng

  • Fersk, rein eplesaft, med iallfall 50 % frå eple som eignar seg til siderlaging (ikkje for mykje Aroma).
  • Noko å gjære safta i, med gjærlås. Du finn det på Europris, jernvaren eller internett.
  • Ein stad safta kan få gjære, helst i fred med ein temperatur som ikkje er over ca. 20 grader C. Dunken bør stå over golvnivå (minst så høgt over golvet som høgda på sjølve dunken) for å gjere det mogleg å stikke han om seinare.
  • Hevert.
  • Eventuelt sukker.

Du skal passa på

  • at alt er 100 % reint, og utan forureining, også frå vaskeprosessen. Det er greit at ting er skylte med reint, kaldt vatn etter reingjering, men elles er damp eller kokande vatn (ver forsiktig med plast) beste reingjeringmiddel som desinfiserar men ikkje etterlet seg forureinande restar.
  • Sideren skal gjære i ein behaldar med gjærlås, det skal vere vatn i gjærlåsen slik at luft kan komme ut, men ikkje inn. Alt anna må vere tett.

Gjer som følgjer

  1. Ha safta på dunken din rett frå pressing, lat det vera ca. 10-20 % luft att slik at det er plass til at safta utvidar seg og boblar (temperaturauke og gassbobler fører til at den utvidar seg), og sukkeret som eventuelt skal tilsettjast. Dersom du ikkje gjer dette vil safta komme boblande ut gjærlåsen som blir tømt for vatn. Luft er generelt fy-fy, men når gjæringa er aktiv vil den fort erstatte lufta med gass.
  2. Set dunken på plass der han skal stå å gjære.
  3. Set på gjærlåsen, og ha vatn i han. Det er eit poeng at du ikkje flyttar dunken med gjærlås skrudd på, fordi du då risikerar å få vatn frå gjærlåsen inn i dunken saman med safta.
  4. Safta må komme fort i gang med å gjære, dvs. at den godt kan stå på badet / i romtemperatur første dagane. Når gjæringa har komme i gang, er temperaturen nesten uvesentleg, men til varmare det er til fortare går det, og det bør nok ikkje vera over romtemperatur (ca. 20 C).
  5. Du kan flytte dunken til ein kaldare stad når gjæringa har komme godt i gang (etter 4 dagar, når du har på sukker t. d.).
  6. Norske eple har normalt ikkje nok sukker til meir enn nokre få prosent alkohol, det er difor nødvendig å tilsette sukker (svak sider er mogleg å lage, men det er vanskeleg å halde den frisk, og det er få som likar han).  Du kan tilsette frå 5 til 25 % (av liter saft) sukker, men eg vil ikkje tilrå meir enn 10 %. 2,5 kg på ein 30 liters dunk er nok.
    Du kan visstnok tilsette alt sukkeret på ein gong, og dette er kanskje det tryggaste, men det vanlege er å gjere det i 2-3 omgangar etter at gjæringa har komme i gang, og med 2-4 vekers mellomrom (avhengig av gjæringsaktiviteten). Sukkeret kan tilsetjast direkte, men det er nok best å løyse det opp først. Den perfeksjonistiske måten å gjera dette på er å tilsettje så lite eplesaft som mogleg (fersk eller pasteurisert, men ikkje gjæra) og pasteurisere det, på den måten unngår du å tilsetje vatn, og drep eventuell forureining i sukkeret.
  7. Lat dunken stå i ro til gjæringa har nesten stoppa opp og grumset har lagt seg.
  8. Stikk sideren om ved å bruke ein hevert til å flytte sideren over i ein rein dunk utan å få med grumset på botnen. Lufta er no din store fiende, og det er nok best å gjere dette før sideren har slutta å gjære heilt. «Daud» sider, og sider med lite alkohol har lettare for å bli angripe av mugg/sopp eller andre uhumskheiter.
  9. Lat sideren stå eit par veker for at resten av grumset legg seg, og stikk så om igjen.
  10. Lat stå eit par veker til og stikk så over på flaske. Lite luft i flaska er viktig, men dersom det ikkje er noko luft i flaska og sideren ikkje er heilt ferdiggjæra skal det veldig lite gjæring til for at flaska sprekk.

Du kan droppe å stikke om, eller berre stikke om ein gong, men det vil då vere vanskeleg å få ein heilt rein sider utan gjærsmak.
Whale, cider and avocado, all that's needed to paddle the Sognefjord in 24 hrs
Kval, sider og avocado


(English) Sigmund Freud died more than 70 years ago – books take on new life 70 years after their author die

Posted: september 23rd, 2010 | Author: | Filed under: Uncategorized | Tags: , , , , | No Comments »

Beklagar, denne teksten er diverre berre tilgjengeleg på English.


VPN med SSH og Firefox (SOCKS5) for å surfa gjennom student- eller jobbnettverket

Posted: august 10th, 2010 | Author: | Filed under: Uncategorized | No Comments »

Dei fleste norske studentar er såpass priviligerte at dei har tilgang til eit enormt utval digitale akademiske ressursar gjennom universitetet sitt. Dette inkluderar mellom anna ordbøker (til dømes ordnett.no), e-bøker (til dømes Ebrary) og journalar.

Som student på NTNU har eg tilgang til svært mange slike ressursar, men sidan eg nesten aldri er på universitetscampus treng eg tilgang til desse ressursane utanfrå campus. Heldigvis er dei såpass oppegåande på NTNU at alle har SSH-tilgang til universitetsnettverket. Med OpenSSH kan eg dermed laga ein tunell (VPN) inn til NTNU-nettverket frå maskina mi, som Firefox kan bruka til å surfa internett gjennom.

(Nokon gonger fungerar dette bra som ei løysing dersom eg er på eit dårleg nettverk der eg får tak i NTNU, men har dårleg eller upåliteleg tilgang til andre deler av nettet. Metoden kan også brukast som ein enkel proxyløysing dersom du vil vitja nettstader utan å leggje att spor frå din eigen nettleverandør på grunn av overvakingslovgjevinga som truleg blir sett i verk her i landet.)

Dette er ei lita oppskrift for deg som er så heldig å bruka Ubuntu Linux eller ein annan liknande Linux- distribusjon. Dersom du har Windows finn du oppskrift på Buzzen min om emnet. Merk at OpenSSH nesten alltid er installert frå før på Linux-distribusjonar.

Lag VPN-kanalen

  1. Opn opp eit terminal-vindauge. Skriv inn: ssh -D 9999 ntnu-brukarnamn@login.stud.ntnu.no
    (9999 er porten som Firefox skal kopla til, andre ledige portar kan også brukast.)
    Byt ut “ntnu-brukernavn” med ditt eige brukarnamn.
  2. Trykk på [Enter]
  3. Skriv inn passordet ditt og trykk på [Enter]
  4. Lat terminalvindauget vera ope. ssh skal tura og gå så lenge du treng VPN.

Konfigurer Firefox

  1. Start Firefox
  2. Gå til Rediger > Innstillingar > Avansert > Nettverk > Innstillingar
  3. Velj “Manuelle mellomtenar-innstillingar”
  4. I feltet for SOCKS skriv du: localhost
  5. I det tilhøyrande portfeltet skriv du: 9999
  6. Ok, lagre, osb. og så burde du vera klar til å surfa over nettet til NTNU. Berre i Firefox vel og merka. For andre programm som bruker internett er altså ikkje denne metoden brukande.
  7. Lukke til! Hugs at dersom vpn-kanalen ikkje er aktiv vil heller ikkje nettet fungere i Firefox utan at du tilbakestiller mellomtenar-innstillingane.
Konfigurasjonsvindauget for mellomtenarar i Firefox

Konfigurasjonsvindauget for mellomtenarar i Firefox.


Kartleggjingsjogging – den produktive treningsmåten

Posted: mai 20th, 2010 | Author: | Filed under: Uncategorized | Tags: , , , , , , , | 9 Comments »

Mogleg eg var inspirert av den franske berrfotjoggaren og entrepenøren @Loic Le Meur, eller kanskje grunna mangelen på trening etter ein lang periode med reising, to gonger på seks veker (og symjing i dei grunne bassenga på The Flamingo er ikkje særleg effektivt), byrja eg å jogge kvar dag førre veke.

Dei litt utradisjonelle joggeskorne eg brukte (eller er dei heller tradisjonelle?)

Dei litt utradisjonelle joggeskorne eg brukte (eller er dei heller tradisjonelle?)

Eg skulle delta på mine to siste STS-førelesingar i Trondheim, og var stranda på den vesle staden Klæbu. Mellom førelesningane var det seks lesedagar, noko som gav meg god tid til joggeturar. For å ikkje kjenne meg altfor aleine, tok eg med meg min nye Holux m-241 GPS loggar ut på joggetur.

Mitt største problem med trening har alltid vore at det ikkje er umiddelbart produktivt (eg er ein nyttefetisjist). Du produserer berre musklar og god helse – relativt formålslaust for det blotte auget (eg veit det er mange grunnar, difor trenar eg likevel). Det finst mange måtar å løyse dette problemet på, du kan til dømes trene ved å hogge ved, bere ting, sykle til jobben osb. I Klæbu fann eg ein ny måte: jogge for å lage kart!

Dette er kartleggjingsjogging: Medan trening er det fremste målet, vert eit tilleggsmål å forbetre Openstreetmap. For å bidra best til dette, må du jogge der Openstreetmap har dårleg dekning eller treng forbetring, og du må ta med deg ein GPS-loggar. Då får jogginga ein verkeleg nyttig, handfast funksjon, og du ser resultatet når Openstreetmap vert betre!

Samstundes får du ein ekstra grunn til å utforske området, og du vert meir trygg på stigane og moglege joggeruter. Dersom du er ekstra modig og joggar gjennom folk sine hagar og bakgardar, treff du kanskje på nokon gode (eller vonde) sambygdingar og skaffar deg nokre venner (eller fiendar). Og byrjar du å jogge rundt parkeringsplassar og nabolag for å logge plasseringa deira, endar du nok opp i lokalavisa til slutt.

Heldigvis for meg var ikkje Openstreetmap veldig detaljert i Klæbu, så tysdagen eg kom såg kartet slik ut:

OpenStreetMap før kartleggjingsjogging i Klæbu.

OpenStreetMap før kartleggjingsjogging i Klæbu. (Dette skjermbiletet har ei anna form enn det fylgjande, fordi det er teke frå Cloudmade).

No ser det slik ut:

Skjermbilete frå OpenStreetMap etter seks dagar med kartleggjingsjogging.

Skjermbilete frå OpenStreetMap etter seks dagar med kartleggjingsjogging.

Å kombinere kartleggjing med dagleglivet og sosiale hendingar er forresten ikkje noko nytt, du finn alltids ein kartleggjingsfest!


(English) Roadsharing, getting there

Posted: mars 2nd, 2010 | Author: | Filed under: Uncategorized | Tags: , , | 2 Comments »

Beklagar, denne teksten er diverre berre tilgjengeleg på English.


Kommunismen er framleis i live!

Posted: april 7th, 2009 | Author: | Filed under: Uncategorized | Tags: , , | 2 Comments »

Trudde du tida til sigden og hammaren var forbi? At kommunistar må bli sosialistar og andre halvflaue, rosa moralparti for å få makt? At Cuba er den siste døyande utposten til ein politisk filosofi som er fin i teorien, men blodig i praksis?

Då tek du feil!

Familievennleg kommunisme

Desse plakatane og andre flotte plakatar for kommunistpartiet pryda gatebiletet rundt om i Moldova. Her frå ein kveld i Soroca. Foto: Guttorm Flatabø.

Raudfargen, sigden, hammaren, demokrati, eu, vakre jenter, popmusikk og brumlande, korrupte russisktalande partipampar let seg alle kombinere, og dei siste åtte åra har dei hatt makta i europas fattigste land, Moldova.

Frå å vera eit korrupt kaosdemokrati med ein russisk mafia som fekk jenter til å søka om asyl i Noreg på grunnlag av truslar om kidnapping til slaveprostitusjon, har Moldova gått over til å bli eit kommunistdemokrati som meiner å ha ein økonomi som er godt rusta til å takle finanskrisa. Her har ein ikkje lånt seg over hals og hovud.

5. april var det parlamentsval i Moldova, og kommunistane styrka seg med fire representantar i parlamentet frå førre valet i 2005. Dei held difor majoriteten, men val av president kan bli blokkert av opposisjonen slik at omval til sjuande og sist kan tvinga seg fram. Eg vitja kommunistane sitt hovudkvarter i Chisinau i midten av mars for å sjå om eg kunne få med meg nokre moderne kommunistsuvenirar frå valkampen. Der vart eg teke vel imot av vakre Vera som fann fram ein god bunke med plakatar, cdar og klistremerke (bilete kjem).

Vera, a real communist

Vera Balahnova ved sida av ein byste av Lenin utanfor det moldovske kommunistpartiet sitt hovudkvarter i Chisinau, hovudstaden. Vera tok vel imot meg og gav meg flotte suvenirar frå valkampen.

Sjølv treng eg berre eit eksemplar av kvar, då er det att flotte plakatar og cdar til dei ti første som sender meg ein e-post med namn på presidenten i Moldova dei siste 8 åra. Hugs namn og adresse. Send e-post til post@guttormflatabo.com


dittaeva; ditta e ikkje eva

Posted: mars 4th, 2009 | Author: | Filed under: Uncategorized | Tags: , , | No Comments »

Første innlegget er alltid det vanskelegaste, er det ikkje?

Dette skal snart bli ei lita samling tekstar skrive av Guttorm Flatabø. Følg med for fleirspråkleg, flickr-krydra sushi-innlegg no og då!