Flickr Nyleg fotografert
Third yearly mushroom expedition of WNRISmoothie plums for 14 daysIdun doing precision tractor driving at the hayball festival in Fjærland, SognefjordIdun doing tractor precision driving at the hay ball festival in Fjærland, Sognefjord22 liters of winter squash ready to pickle itselfHardangerfjord viewMonster mast protest marchIMG_2340.JPGIMG_2331.JPGIMG_2326.JPG

VPN med SSH og Firefox (SOCKS5) for å surfa gjennom student- eller jobbnettverket

Posted: august 10th, 2010 | Author: dittaeva | Filed under: Uncategorized | No Comments »

Dei fleste norske studentar er såpass priviligerte at dei har tilgang til eit enormt utval digitale akademiske ressursar gjennom universitetet sitt. Dette inkluderar mellom anna ordbøker (til dømes ordnett.no), e-bøker (til dømes Ebrary) og journalar.

Som student på NTNU har eg tilgang til svært mange slike ressursar, men sidan eg nesten aldri er på universitetscampus treng eg tilgang til desse ressursane utanfrå campus. Heldigvis er dei såpass oppegåande på NTNU at alle har SSH-tilgang til universitetsnettverket. Med OpenSSH kan eg dermed laga ein tunell (VPN) inn til NTNU-nettverket frå maskina mi, som Firefox kan bruka til å surfa internett gjennom.

(Nokon gonger fungerar dette bra som ei løysing dersom eg er på eit dårleg nettverk der eg får tak i NTNU, men har dårleg eller upåliteleg tilgang til andre deler av nettet. Metoden kan også brukast som ein enkel proxyløysing dersom du vil vitja nettstader utan å leggje att spor frå din eigen nettleverandør på grunn av overvakingslovgjevinga som truleg blir sett i verk her i landet.)

Dette er ei lita oppskrift for deg som er så heldig å bruka Ubuntu Linux eller ein annan liknande Linux- distribusjon. Dersom du har Windows er eg ganske sikker på at du kan gjera noko liknande med putty, men du vil truleg måtta slåss mot brannmurar. Merk at OpenSSH nesten alltid er installert frå før på Linux-distribusjonar.

Lag VPN-kanalen

  1. Opn opp eit terminal-vindauge. Skriv inn: ssh -D 9999 ntnu-brukarnamn@login.stud.ntnu.no
    (9999 er porten som Firefox skal kopla til, andre ledige portar kan også brukast.)
    Byt ut “ntnu-brukernavn” med ditt eige brukarnamn.
  2. Trykk på [Enter]
  3. Skriv inn passordet ditt og trykk på [Enter]
  4. Lat terminalvindauget vera ope. ssh skal tura og gå så lenge du treng VPN.

Konfigurer Firefox

  1. Start Firefox
  2. Gå til Rediger > Innstillingar > Avansert > Nettverk > Innstillingar
  3. Velj “Manuelle mellomtenar-innstillingar”
  4. I feltet for SOCKS skriv du: localhost
  5. I det tilhøyrande portfeltet skriv du: 9999
  6. Ok, lagre, osb. og så burde du vera klar til å surfa over nettet til NTNU. Berre i Firefox vel og merka. For andre programm som bruker internett er altså ikkje denne metoden brukande.
  7. Lukke til! Hugs at dersom vpn-kanalen ikkje er aktiv vil heller ikkje nettet fungere i Firefox utan at du tilbakestiller mellomtenar-innstillingane.
Konfigurasjonsvindauget for mellomtenarar i Firefox

Konfigurasjonsvindauget for mellomtenarar i Firefox.


Å forstå rutetabellane for Sogn og Fjordane (Fjord1)

Posted: juli 17th, 2010 | Author: dittaeva | Filed under: tourism | Tags: , , , , , | No Comments »

Eg får mange sofasurfarar om dagen som ofte kjem med offentleg transport, og får dermed dela deira (eller kanskje mest min eigen) frustrasjon med ruteboka for Sogn og Fjordane. Eg har difor fått bruk for å laga ei teiknforklaring for ruteboka, sidan den ikkje har ei slik forklaring på engelsk.

So dersom du er så heldig og vitjar fjord, fjell og brear her i vest så får du muligens bruk for følgjande teiknforklaring:

S: Skuledagar, som betyr: måndag til fredag frå midten av august til midten av juni unnateke offentlege fridagar og skuleferiar. Skuleferiar er vanskeleg å finne ut av, men kan nok finnast ved å søke etter “skulerute” eller “skolerute” og namnet på kommunen.

D: Dagleg

* / ** / *** / A / e: Døme, sjå etter forklaringar, som regel er det tilleggsavgrensingar i tid. Hugs å kombinere alle avgrensingane.

1 = måndag, 2 = tysdag, 3 = onsdag, 4 = torsdag, 5 = fredag, 6 = laurdag, 7 = sundag

H = sundag og offentlege fridagar

X = unnateke

DX3 betyr dermed kvar dag unnateke onsdag. Offentlege fridagar har som regel eigne ruter og er difor alltid unnateke. Offentlege fridagar har som regel rute som på ein sundag.

Det finst internett-tenester som kan vera vel så nyttige som ruteboka: ruteinfo.net eller rutebok.no.

At the tourist information in Balestrand

Dersom du skjønar rutetabellane vil du ha mindre bruk for hjelp frå slike som desse.


Kartleggjingsjogging – den produktive treningsmåten

Posted: mai 20th, 2010 | Author: dittaeva | Filed under: Uncategorized | Tags: , , , , , , , | 9 Comments »

Mogleg eg var inspirert av den franske berrfotjoggaren og entrepenøren @Loic Le Meur, eller kanskje grunna mangelen på trening etter ein lang periode med reising, to gonger på seks veker (og symjing i dei grunne bassenga på The Flamingo er ikkje særleg effektivt), byrja eg å jogge kvar dag førre veke.

Dei litt utradisjonelle joggeskorne eg brukte (eller er dei heller tradisjonelle?)

Dei litt utradisjonelle joggeskorne eg brukte (eller er dei heller tradisjonelle?)

Eg skulle delta på mine to siste STS-førelesingar i Trondheim, og var stranda på den vesle staden Klæbu. Mellom førelesningane var det seks lesedagar, noko som gav meg god tid til joggeturar. For å ikkje kjenne meg altfor aleine, tok eg med meg min nye Holux m-241 GPS loggar ut på joggetur.

Mitt største problem med trening har alltid vore at det ikkje er umiddelbart produktivt (eg er ein nyttefetisjist). Du produserer berre musklar og god helse – relativt formålslaust for det blotte auget (eg veit det er mange grunnar, difor trenar eg likevel). Det finst mange måtar å løyse dette problemet på, du kan til dømes trene ved å hogge ved, bere ting, sykle til jobben osb. I Klæbu fann eg ein ny måte: jogge for å lage kart!

Dette er kartleggjingsjogging: Medan trening er det fremste målet, vert eit tilleggsmål å forbetre Openstreetmap. For å bidra best til dette, må du jogge der Openstreetmap har dårleg dekning eller treng forbetring, og du må ta med deg ein GPS-loggar. Då får jogginga ein verkeleg nyttig, handfast funksjon, og du ser resultatet når Openstreetmap vert betre!

Samstundes får du ein ekstra grunn til å utforske området, og du vert meir trygg på stigane og moglege joggeruter. Dersom du er ekstra modig og joggar gjennom folk sine hagar og bakgardar, treff du kanskje på nokon gode (eller vonde) sambygdingar og skaffar deg nokre venner (eller fiendar). Og byrjar du å jogge rundt parkeringsplassar og nabolag for å logge plasseringa deira, endar du nok opp i lokalavisa til slutt.

Heldigvis for meg var ikkje Openstreetmap veldig detaljert i Klæbu, så tysdagen eg kom såg kartet slik ut:

OpenStreetMap før kartleggjingsjogging i Klæbu.

OpenStreetMap før kartleggjingsjogging i Klæbu. (Dette skjermbiletet har ei anna form enn det fylgjande, fordi det er teke frå Cloudmade).

No ser det slik ut:

Skjermbilete frå OpenStreetMap etter seks dagar med kartleggjingsjogging.

Skjermbilete frå OpenStreetMap etter seks dagar med kartleggjingsjogging.

Å kombinere kartleggjing med dagleglivet og sosiale hendingar er forresten ikkje noko nytt, du finn alltids ein kartleggjingsfest!


(English) Roadsharing, getting there

Posted: mars 2nd, 2010 | Author: dittaeva | Filed under: Uncategorized | Tags: , , | 2 Comments »

Beklagar, denne teksten er diverre berre tilgjengeleg på English.


Kommunismen er framleis i live!

Posted: april 7th, 2009 | Author: dittaeva | Filed under: Uncategorized | Tags: , , | 1 Comment »

Trudde du tida til sigden og hammaren var forbi? At kommunistar må bli sosialistar og andre halvflaue, rosa moralparti for å få makt? At Cuba er den siste døyande utposten til ein politisk filosofi som er fin i teorien, men blodig i praksis?

Då tek du feil!

Familievennleg kommunisme

Desse plakatane og andre flotte plakatar for kommunistpartiet pryda gatebiletet rundt om i Moldova. Her frå ein kveld i Soroca. Foto: Guttorm Flatabø.

Raudfargen, sigden, hammaren, demokrati, eu, vakre jenter, popmusikk og brumlande, korrupte russisktalande partipampar let seg alle kombinere, og dei siste åtte åra har dei hatt makta i europas fattigste land, Moldova.

Frå å vera eit korrupt kaosdemokrati med ein russisk mafia som fekk jenter til å søka om asyl i Noreg på grunnlag av truslar om kidnapping til slaveprostitusjon, har Moldova gått over til å bli eit kommunistdemokrati som meiner å ha ein økonomi som er godt rusta til å takle finanskrisa. Her har ein ikkje lånt seg over hals og hovud.

5. april var det parlamentsval i Moldova, og kommunistane styrka seg med fire representantar i parlamentet frå førre valet i 2005. Dei held difor majoriteten, men val av president kan bli blokkert av opposisjonen slik at omval til sjuande og sist kan tvinga seg fram. Eg vitja kommunistane sitt hovudkvarter i Chisinau i midten av mars for å sjå om eg kunne få med meg nokre moderne kommunistsuvenirar frå valkampen. Der vart eg teke vel imot av vakre Vera som fann fram ein god bunke med plakatar, cdar og klistremerke (bilete kjem).

Vera, a real communist

Vera Balahnova ved sida av ein byste av Lenin utanfor det moldovske kommunistpartiet sitt hovudkvarter i Chisinau, hovudstaden. Vera tok vel imot meg og gav meg flotte suvenirar frå valkampen.

Sjølv treng eg berre eit eksemplar av kvar, då er det att flotte plakatar og cdar til dei ti første som sender meg ein e-post med namn på presidenten i Moldova dei siste 8 åra. Hugs namn og adresse. Send e-post til post@guttormflatabo.com


dittaeva; ditta e ikkje eva

Posted: mars 4th, 2009 | Author: dittaeva | Filed under: Uncategorized | Tags: , , | No Comments »

Første innlegget er alltid det vanskelegaste, er det ikkje?

Dette skal snart bli ei lita samling tekstar skrive av Guttorm Flatabø. Følg med for fleirspråkleg, flickr-krydra sushi-innlegg no og då!