Random Flickr
  • A photo on Flickr
  • A photo on Flickr
  • A photo on Flickr
  • A photo on Flickr
  • A photo on Flickr
  • A photo on Flickr
  • A photo on Flickr
  • A photo on Flickr
  • A photo on Flickr

Korleis sidre eplene dine (på mitt vis)

Posted: oktober 23rd, 2010 | Author: | Filed under: Uncategorized | Tags: , , , | 2 Comments »

(Det finst ein metode som er enno enklare, men som eg kjem til seinare)

Du treng

  • Fersk, rein eplesaft, med iallfall 50 % frå eple som eignar seg til siderlaging (ikkje for mykje Aroma).
  • Noko å gjære safta i, med gjærlås. Du finn det på Europris, jernvaren eller internett.
  • Ein stad safta kan få gjære, helst i fred med ein temperatur som ikkje er over ca. 20 grader C. Dunken bør stå over golvnivå (minst så høgt over golvet som høgda på sjølve dunken) for å gjere det mogleg å stikke han om seinare.
  • Hevert.
  • Eventuelt sukker.

Du skal passa på

  • at alt er 100 % reint, og utan forureining, også frå vaskeprosessen. Det er greit at ting er skylte med reint, kaldt vatn etter reingjering, men elles er damp eller kokande vatn (ver forsiktig med plast) beste reingjeringmiddel som desinfiserar men ikkje etterlet seg forureinande restar.
  • Sideren skal gjære i ein behaldar med gjærlås, det skal vere vatn i gjærlåsen slik at luft kan komme ut, men ikkje inn. Alt anna må vere tett.

Gjer som følgjer

  1. Ha safta på dunken din rett frå pressing, lat det vera ca. 10-20 % luft att slik at det er plass til at safta utvidar seg og boblar (temperaturauke og gassbobler fører til at den utvidar seg), og sukkeret som eventuelt skal tilsettjast. Dersom du ikkje gjer dette vil safta komme boblande ut gjærlåsen som blir tømt for vatn. Luft er generelt fy-fy, men når gjæringa er aktiv vil den fort erstatte lufta med gass.
  2. Set dunken på plass der han skal stå å gjære.
  3. Set på gjærlåsen, og ha vatn i han. Det er eit poeng at du ikkje flyttar dunken med gjærlås skrudd på, fordi du då risikerar å få vatn frå gjærlåsen inn i dunken saman med safta.
  4. Safta må komme fort i gang med å gjære, dvs. at den godt kan stå på badet / i romtemperatur første dagane. Når gjæringa har komme i gang, er temperaturen nesten uvesentleg, men til varmare det er til fortare går det, og det bør nok ikkje vera over romtemperatur (ca. 20 C).
  5. Du kan flytte dunken til ein kaldare stad når gjæringa har komme godt i gang (etter 4 dagar, når du har på sukker t. d.).
  6. Norske eple har normalt ikkje nok sukker til meir enn nokre få prosent alkohol, det er difor nødvendig å tilsette sukker (svak sider er mogleg å lage, men det er vanskeleg å halde den frisk, og det er få som likar han).  Du kan tilsette frå 5 til 25 % (av liter saft) sukker, men eg vil ikkje tilrå meir enn 10 %. 2,5 kg på ein 30 liters dunk er nok.
    Du kan visstnok tilsette alt sukkeret på ein gong, og dette er kanskje det tryggaste, men det vanlege er å gjere det i 2-3 omgangar etter at gjæringa har komme i gang, og med 2-4 vekers mellomrom (avhengig av gjæringsaktiviteten). Sukkeret kan tilsetjast direkte, men det er nok best å løyse det opp først. Den perfeksjonistiske måten å gjera dette på er å tilsettje så lite eplesaft som mogleg (fersk eller pasteurisert, men ikkje gjæra) og pasteurisere det, på den måten unngår du å tilsetje vatn, og drep eventuell forureining i sukkeret.
  7. Lat dunken stå i ro til gjæringa har nesten stoppa opp og grumset har lagt seg.
  8. Stikk sideren om ved å bruke ein hevert til å flytte sideren over i ein rein dunk utan å få med grumset på botnen. Lufta er no din store fiende, og det er nok best å gjere dette før sideren har slutta å gjære heilt. «Daud» sider, og sider med lite alkohol har lettare for å bli angripe av mugg/sopp eller andre uhumskheiter.
  9. Lat sideren stå eit par veker for at resten av grumset legg seg, og stikk så om igjen.
  10. Lat stå eit par veker til og stikk så over på flaske. Lite luft i flaska er viktig, men dersom det ikkje er noko luft i flaska og sideren ikkje er heilt ferdiggjæra skal det veldig lite gjæring til for at flaska sprekk.

Du kan droppe å stikke om, eller berre stikke om ein gong, men det vil då vere vanskeleg å få ein heilt rein sider utan gjærsmak.
Whale, cider and avocado, all that's needed to paddle the Sognefjord in 24 hrs
Kval, sider og avocado


2 Comments on “Korleis sidre eplene dine (på mitt vis)”

  1. 1 agustin pulido ramirez said at 17:44 on januar 16th, 2013:

    How many Norwegian “municipalities” speak Nynork and where are the mapped?

    Tousend Tak

  2. 2 Guttorm Flatabø said at 20:44 on januar 16th, 2013:

    I don’t know of any complete and accurate list, but most of them are part of Landssamanslutninga av nynorskkommunar. You can see a map of their members on lnk.no. Click on the “Vis alle kommunar”-link on the bottom right to see them all marked off on the map at the same time.


Leave a Reply