Kartleggjingsjogging – den produktive treningsmåten
Posted: mai 20th, 2010 | Author: Guttorm Flatabø | Filed under: Uncategorized | Tags: jogging, Klæbu, mapping, openstreetmap, osm, utilitarian, working out, , trening | 9 Comments »Mogleg eg var inspirert av den franske berrfotjoggaren og entrepenøren @Loic Le Meur, eller kanskje grunna mangelen på trening etter ein lang periode med reising, to gonger på seks veker (og symjing i dei grunne bassenga på The Flamingo er ikkje særleg effektivt), byrja eg å jogge kvar dag førre veke.
Eg skulle delta på mine to siste STS-førelesingar i Trondheim, og var stranda på den vesle staden Klæbu. Mellom førelesningane var det seks lesedagar, noko som gav meg god tid til joggeturar. For å ikkje kjenne meg altfor aleine, tok eg med meg min nye Holux m-241 GPS loggar ut på joggetur.
Mitt største problem med trening har alltid vore at det ikkje er umiddelbart produktivt (eg er ein nyttefetisjist). Du produserer berre musklar og god helse – relativt formålslaust for det blotte auget (eg veit det er mange grunnar, difor trenar eg likevel). Det finst mange måtar å løyse dette problemet på, du kan til dømes trene ved å hogge ved, bere ting, sykle til jobben osb. I Klæbu fann eg ein ny måte: jogge for å lage kart!
Dette er kartleggjingsjogging: Medan trening er det fremste målet, vert eit tilleggsmål å forbetre Openstreetmap. For å bidra best til dette, må du jogge der Openstreetmap har dårleg dekning eller treng forbetring, og du må ta med deg ein GPS-loggar. Då får jogginga ein verkeleg nyttig, handfast funksjon, og du ser resultatet når Openstreetmap vert betre!
Samstundes får du ein ekstra grunn til å utforske området, og du vert meir trygg på stigane og moglege joggeruter. Dersom du er ekstra modig og joggar gjennom folk sine hagar og bakgardar, treff du kanskje på nokon gode (eller vonde) sambygdingar og skaffar deg nokre venner (eller fiendar). Og byrjar du å jogge rundt parkeringsplassar og nabolag for å logge plasseringa deira, endar du nok opp i lokalavisa til slutt.
Heldigvis for meg var ikkje Openstreetmap veldig detaljert i Klæbu, så tysdagen eg kom såg kartet slik ut:

OpenStreetMap før kartleggjingsjogging i Klæbu. (Dette skjermbiletet har ei anna form enn det fylgjande, fordi det er teke frå Cloudmade).
No ser det slik ut:
Å kombinere kartleggjing med dagleglivet og sosiale hendingar er forresten ikkje noko nytt, du finn alltids ein kartleggjingsfest!













I do the same thing on the mountain bike. I like that it gives your ride / jog a purpose and you are going to see new things every time. And after a while it turns into a puzzle, because you have to find the few track you have not mapped yet.
My blog post about it from last year: http://christof.damian.net/2009/09/new-hobby-openstreetmapping.html
[...] This post was mentioned on Twitter by Jeremy B. Shapiro, larusalka. larusalka said: Jog mapping http://is.gd/chSRA (via @openstreetmap) -> I'd love to do some bike mapping, but I've got no GPS logging device 8^/ #opengeodata [...]
Such a nice cleaner of own head and if is it in Norway, even better effect. Running gets out wasted energy, stress and this amazing sport is drifting out substance called endorfin, something like feeling of pleasure :)
just enjoy! But take a rest, go to sauna and swim in the fjord also :)
Well, I did map allmost all of my hometown (Lessines) while jogging thru every street, a lot of wich where unknow to me so far …
It does give a goal to the exercice !µ
And it took me almost a year to complete.
Thank you for mapping here in Klæbu! :-)
I am impressed! Yesterday I ran (or rather ascended) 9 km following first a road and then track all the way up to a summer farm area. A little to much for my legs it seems today. Hopefully i wont be the only one doing this though, so I’m hoping it will take less than a year. We’ll see :)
Hi, i’m doing Map joging for 8 month now. I Map the “Schnaittachtal”. It go me going through the long Winter. I Finished the Hamburg Marathon in 3:29 because of so man detours while Mapping. My Area is very well mapped (almost each path) where I am able to reach within my training. I tag now offical hiking tours and POI.
How you organize your jog recordings?
I’m waiting for my sportwrist so I can wrap my smartphone (android) round my lower arm.
Will use OSM-Tracker to record und Maverick for orientation.
Hope it’s gonna work out.
I just record with my Holux m-241 GPS logger which fits nicely in my hand, extract it with gpsbabel, prepare for upload with viking and edit the map with potlatch. Not a very good process, espescially because gpsbabel doesn’t extract the track very well, so every startpoint of each track is displaced and all tracks are merged into one track.
I’ve tried OSMTracker for Android on my Samsung, but it’s very crude, and also need post-processing and uploading.