Enklaste måten å lagre eplesaft, eller ein enkel måte å lage sider
Posted: oktober 23rd, 2010 | Author: Guttorm Flatabø | Filed under: [:en]food, [:nb]mat, [:nn]mat | Tags: cider, preservation, , , , eplesaft, sider | No Comments »
Drikk! Foto av Brendan McMahan.
- Kjøp eit trykkfat frå Speidel (du kan trygt kjøpe direkte frå Tyskland), eller bruk liknande fat som toler 10 bar trykk.
- Tilsett ferskpressa, rein, uforureina eplesaft laga med reine ingrediensar og reint verkty. Lukk fatet.
- Plasser i eit rom med rundt 20 grader Celsius temperatur, og sjå til at trykket stig. Når trykket har gått opp til ca. 5 bar kan du flytte fatet til eit kaldare rom, men det skal til slutt opp til 9-12 bar.
- Lat stå ni månader. (Dersom du flyttar på fatet opp til tre månader før servering, risikerar du å få ei uklår drikke).
- Nyt din nye søte, klare, sprudlande lågalkoholsider!
Recent Comments